Job Description

Vil du ha ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell for andre?

Me søkjer engasjerte og pålitelege medarbeidarar til faste helgestillingar i Miljøarbeidstenesta. Tenesta gir oppfølging til barn, ungdom og vaksne med ulike behov for støtte i kvardagen.

Me ser etter deg som er positiv, ansvarsbevisst og trivst med å arbeide med menneske. Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt.

Arbeidsoppgåver

Oppfølging til barn, ungdom og vaksne med ulike behov for støtte i kvardagen.

Kvalifikasjonar

Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt.

Eigenskapar

Engasjert, påliteleg og omsorgsfull.

Me tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • God opplæring og fagleg støtte
  • Verdifull erfaring for deg som vurderer utdanning
  • eller arbeid innan helse- og omsorgsfag

Vi ønskjer søknaden din velkomen!

Annan informasjon

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632
Back to all jobs